onsdag 22. juni 2011

Eit quilteeventyr!





Eventyret om Kalenderbloggen

Det var ein gong ein quiltar som var så glad i å lage fine ting på symaskina si. Men ofte var det slik at det var så mange andre ting som måtte gjerast først, at det vart med mange av ideane og all syinga måtte vente på tur.
I huset til Quiltaren var det også ei anna maskin, ei tryllemaskin der ein kunne sjå mange fine bilder av ma. quiltar, treffe mange andre quiltevenner og ein kunne reise både kort og langt for å treffe dei. Og av og til så kunne ein reise langt bort fra lille Norge. At vi ikkje snakkar og skriv same språk, gjorde ingenting, for quiltarar har sitt eige språk, dei ser på bilder, får nye ideer, finn/kjøper mønster om dei finst, eller prøver ut ting sjølv. Denne Quiltaren hadde som mange andre, ein eigen liten stad ute i trylleverda som heiter BLOGG. Dette er nesten som ei lita hytte ute i denne verda der ein har bilder av sine ting ein lagar eller ønsker å lage. Og døra er som oftast open for alle så dei kan komme inn og sjå kva du gjer på, og så snakker dei med deg ved å skrive i den lille ”hytteboka” di.
Slik var det denne dagen også då Quiltaren brukte tryllemaskina si. Ho brukte å stå opp tidlig kvar morgon, for då var det stille i huset, og ingen andre kunne sjå at ho reiste av stad med tryllemaskina si. Først besøkte ho dei vanlige vennene sine for å sjå kva dei gjorde på, og så kikka ho litt på lista deira over andre venner som dei likar å besøke. Slik går det til at når ein besøker ein venn, så fristar det ofte å besøke ein av venners venner for å sjå kva dei gjer. Quiltarar er alltid nysgjerrige og er alltid på søk etter nye spennande ting dei kan klare å lage sjølv på symaskina si.

Her er historia om denne spesielle morgonen da Quiltaren reiste fra venn til venn og gløymde å sjå kvar ho drog. Plutselig oppdaga ho at ho var komen langt bort fra lille Norge, og var landa hos ein quiltar som hadde eit nydelig bilde av ein quilt. Men denne quiltaren snakka nederlandsk oppdaga ho, så om ho skulle finne ut meir om denne fine quilten, så måtte ho leite meir i det denne quiltaren hadde skrive. Orda var mange og rare, men av og til så står der adresser til stadar der dei har funne sin idè, og det er ord med ”strekar” under. Quiltaren trykte på dette Trylleordet, og plutselig fekk ho komme inn i denne nye staden. Staden heitte Ellies Quiltplace og det var som ein eventyrstad for henne, for her var det bilder av mange andre liknande små quiltar. Nokre bilder var broderte, andre var applikert. Og overraskinga var stor då Quiltaren kunne lese at det var berre å ta med seg mønster heim og bruke dei, dei kosta ingenting. Quiltaren vart hoppande glad, gøymde ordet med streken under i tryllemaskina si og tok også med seg eit eksemplar av kvart mønster. Heile 12 mønster var der, eitt for kvar månad i året.

No var Quiltaren lykkelig i mange dagar, for no hadde ho fått ein ny ide som ho kunne jobbe med lenge. Ho hadde faktisk god tid fann ho ut, for ho skulle nok klare å lage eitt slikt bilde kvar månad. Så byrja ho å planlegge litt korleis dei skulle sjå ut, kva farge skulle ho velge, skulle ho brodere eller applikere? Egentlig ville ho gjere slik som Ole Brum og seie ”Ja takk, begge deler”, men då ville det no bli dobbelt arbeid…. Men mønstrene var så fine at ho kunne tenkje seg å sjå mange forskjellige av kvart mønster. Då var det ho fekk en ide! Denne Quiltaren er med i styret i ein quilteklubb, og på eit møte kom ho med eit forslag. For kanskje kunne dei andre quiltevennene i klubben få eit mønster på klubbmøta kvar månad så dei kunne sy det same mønsteret etter sine eigne ideer? Då ville det bli mange forskjellige bilder av same mønster! Styret i klubben tykte dette var ein god ide, for litt av jobben til styret er å inspirere medlemmene til nye ting, men har også sett kor viktig det er å gjere ting i lag. Tidlegare hadde klubben lært medlemmene om eit mønster som heiter ”Dear Jane” og alle måtte sy ein lapp i gåve til klubben, dette var både morsomt og lærerikt.

Som bestemt, så gjort, på første møtet i januar i året 2010 så fortalde Quiltaren alle vennene sine om ideen, og så fekk alle med seg eit mønster heim med lovnad om eit nytt mønster neste månad. Men då måtte dei også huske på å ta med seg og vise fram det som var blitt ferdig.

Quiltaren gleda seg veldig til neste møte, for kor mange fine bilder ville det dukke opp? Det viste seg at nokre var ferdige, nokre heldt på, men nokre var ikkje på forrige møte og hadde ikkje fått mønsteret. Quiltaren tok bilder av dei som var ferdige, og vel heime byrja ho å lure på korleis ho skulle få både vist fram bilda av dei ferdige kalenderbilda og gje informasjon om mønstrene. Då var det ho kom på at her måtte det lagast ein eigen stad der vennene kunne både sjå og finne alt dei hadde bruk for. Og slik vart det til at ”Kalenderbloggen” vart fødd. For kvar månad la Quiltaren ut bilder og mønster av månadens mønster, slik at vennene kunne skrive ut sitt eige mønster. Og Quiltaren la etter kvart inn bilder av dei ferdige bilda som høyrde til mønsteret. Slik gjekk det eit heilt år, og vennene tykte dette var morsomt og passeleg med arbeid. Det dukka stadig opp nye bilder på møta og sidan Quiltaren også er ein flittig fotograf, vart det etter kvart ein del fine bilder på Kalenderbloggen. Quiltaren likte dette godt, for det er slik ein kan inspirere kvarandre. Så ho håpar på at sjølv om årsprosjektet no er over, så vil det dukke opp nye bilder som ho kan legge ut på bloggen. No fungerer denne Kalenderbloggen som ein liten stad ute i trylleverda der andre quiltarar kan stikke innom og hente inspirasjon, og så håpar ho at dei også skriv i ”hytteboka”.

Og er ikkje vennene ferdige med å sy, så syr dei vel enno!
Snipp, snapp, snute, så er eventyret om Kalenderbloggen ute.

PS
Du lurer gjerne på om Quiltaren er ferdig med alle bilda sine? Nei, det er ho nok ikkje, for ho er ivrigast med tryllemaskina si på søk etter nye ideer som ho kan dele med alle vennene sine. Og blir det noko nytt, så finn de det på http://nlq2007.blogspot.com/

søndag 30. januar 2011

Komplett kalender!!


Ein komplett kalender! Gratulerer Elna, du har vore flittig. Håpar no at andre kjem med blokker som red. kan fotografere og legge inn på dei ulike månadane.
Hos Ellies Quiltplace er det fotogalleri med mange bilder av ferdige månedsblokker og komplette kalendarar. Der er også vist mange gode idear til montering. HER er linken.

søndag 7. november 2010

lørdag 30. oktober 2010

søndag 3. oktober 2010

tirsdag 7. september 2010

onsdag 25. august 2010

søndag 11. juli 2010

Juli-blokk


Her kan du laste ned mønsteret.

Juni-blokk







Her kan du laste ned mønsteret.



mandag 24. mai 2010

Mai-blokk!



HER kan du laste ned mønsteret!